Gammafly: handkolorert kunsttrykk
500,00 kr
Denne nydelege møllen vitja meg i hagen min i fjord sumar. Sjølvsagt måtte den dokumenterast i akvarell. For å rettferdiggjere skjønnheita vart det naudsynt med bronse- og-gullskimrande detaljar på vengene; dei blenkjer i sola.
Størrelse: A5 (14.85 x 21 cm)
Signert og nummerert, mini-opplag på 8
Kvart enkelt kunsttrykk er handkolorert med detaljar i gullfarga akrylblekk og bronsefarga akvarellmaling. Det har blitt reprodusert som kunsttrykk på museumskvalitet akvarellteksturert kunstpapir. Dette betyr at papiret består krav frå galleri og museum når ein snakkar om kunstkonservering, og at det er fullstendig syrefritt for å sikre lang levetid.
Ved kjøp av eit kunsttrykk får du eit gammafly-klistremerke i gåve frå meg.